07.02.2021, KL. 15.00: REGIONAL FORSKRIFT INNFØRT, LOKAL FORSKRIFT GJELD I ULVIK

Coronavirus - Klikk for stort bilete  Søndag kom regjeringa med nye, strengare koronaregler for Bergen og 12 omegnskommunar. Bakgrunnen for dette er at det har vore fleire tilfelle av mutert virus, og det gjort vurderingar om at heile regionen må ha strenge smitteverntiltak. Bergen, Kvam og Ulvik har dei strengaste tiltaka.

I Ulvik er det allereie innført Lokal smittevernforskrift der alle tiltaka er tatt inn, så for Ulvik sin del gjev ikkje regjeringas beslutning noko endring i tiltak, men Finse er no omfatta av tiltaka som gjeld.

Tiltaka som gjeld for Ulvik, til og med 14. februar er:

  • Innandørsarrangement ikkje tillatt
  • All organisert fritids- og idrettsaktivitet er ikkje tillat
  • Serveringsstader er stengt, take-away er tillatt
  • Heimekontor skal nytta når det er mogleg
  • Det er ikkje tillat med besøk på omsorgstunet (unntak: Terminal sjukdom)
  • Besøksforbod i eigen heim. Besøksforbodet har som føremål å avgrensa sosiale besøk. Besøksforbodet er ikkje til hinder for å få nødvendig hjelp i heimen. Dette inkluderer handverkarar som skal t.d. reparere vasslekkasje, øydelagt varmepumpe og slikt som er av kritisk karakter.
  • Det skal brukast munnbind:
    • På kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad skal munnbind/ansiktsmaske brukast.
    • Førar og passasjerar i taxi skal bruke munnbind/ansiktsmaske.
    • Føresegna gjeld ikkje barn under 12 år, eller personar som av medisinske eller andre helsemessige årsaker ikkje kan bruke munnbind.

Lokal smittevernforskrift for Ulvik, sjå lenkje:

https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2021-01-31-271?q=f%C3%B8resegn%20om%20smitteverntiltak%20ulvik%20herad

 

For informasjon om tiltaka som er innført i regionen for 13 kommunar, sjå lenkjer:

https://www.statsforvalteren.no/vestland/samfunnstryggleik-og-beredskap/krisehandtering-og-samordning/kraftige-tiltak-i-fleire-kommunar-etter-utbrot-av-mutert-virus/

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/bergensutbruddet-kraftige-tiltak-i-bergen-og-kommunene-rundt/id2831984/

 

Helsing

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførarar Ulvik herad

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 07.02.2021