05.02.2021, KL. 10.00: NYE SMITTETAL

Coronavirus - Klikk for stort bilete Det er no stadfesta at det er 77 personar som er smitta med Covid 19 i Ulvik, dette talet er basert på prøver til og med torsdag 4. februar. Arbeidet med testing og smittesporing pågår fortsatt for fullt. Bergen Legevakt er på plass med testbil i Ulvik i dag, og skal gjennomføra testing i dag og morgon.

Reglar for karantene og isolasjon, henta frå www.fhi.no:

 

Kva er karantene?

Karantene betyr at du skal redusera kontakt med andre menneske mest mogleg. Du kan ikkje gå på skule, jobb og andre aktivitetar, og du kan ikkje ta kollektivtransport. Du kan gå ein tur ute åleine. Du bør få andre til å handla for deg. Viss det ikkje er mogleg, kan du gjera heilt nødvendige ærend, men hald avstand og bruk munnbind.

Dersom du begynner å få hoste, halsbetennelse, er kortpusta eller har feber, skal du isolera deg (sjå nedanfor), og kontakt lege på telefon 116 117.

Karantenetida i Ulvik er 14 dagar.

 

Reglane for ventekarantene er dei same som for karantene, men ventekarantenen blir oppheva når nærkontakt (f. eks. barn) har mottatt negativt prøvesvar.

 

Kva er heimeisolasjon?

Heimeisolasjon betyr at du skal vera isolert frå alle, og dei du bur saman med. Du kan ikkje gå ut, du bør vera på eit rom for deg sjølv (gjeld ikkje små born), ete på rommet og må ikkje dele handkle med andre. Om tilstanden din vert verre, må du kontakta lege på telefon 116 117. Isolasjonen varer til legen seier at du er smittefri.

 

 

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførar

Ulvik herad

Sist endra 05.02.2021