Det er stadfesta 25 nye tilfelle av Covidsmitte i Ulvik, dvs at det er 53 personar som er smitta og satt i isolasjon. Det pågår eit stort arbeid med smittesporing, og det er mange personar som skal testast. Bergen Legevakt stiller med testbil i Ulvik i morgon kl. 12 slik at testkapasiteten i Ulvik aukar monaleg. Me vil minna om at reglane for ventekarantene er dei same som for karantene:
Reglar for karantene og isolasjon, henta frå www.fhi.no:
Kva er heimeisolasjon?
Om ein lege har sagt at du har Covid-19, eller du ventar på prøvesvar, må du halde
deg heilt isolert slik at du ikkje smittar andre. Heimeisolasjon betyr at du skal vera
isolert frå alle, og dei du bur saman med. Du kan ikkje gå ut, du bør vera på eit rom
for deg sjølv, ete på rommet og må ikkje dele handkle med andre. Om tilstanden din
vert verre, må du kontakta lege på telefon 116 117. Det går også an å vera isolert på
sjukehus. Isolasjonen varer til legen seier at du er smittefri.
Kva er karantene?
Om ein lege har sagt at du ikkje er sjuk, men at du har vore mykje utsett for smitte, må du
vera i karantene. Det same gjeld ved innreise til Noreg frå fleire land. Du må halde
deg heime eller på ein annan eigna stad, men det er ikkje like strengt som ved
heimeisolasjon. Karantene betyr at du skal redusere kontakt med andre menneske
mest mogleg, men du behøver ikkje vera heilt isolert. Du kan ikkje gå på skule, jobb, og
andre aktivitetar og du kan ikkje ta kollektivtransport (buss, trikk, t-bane, tog, fly eller
ferge), men du kan gå ein tur ute ålene. Dersom du begynner å få hoste, halsbetennelse,
er kortpusta eller har feber, skal du testa deg, du kan ta kontakt med lege på telefon 116 117
Karantenetida i Ulvik er 14 dagar.
Hans Petter Thorbjørnsen
Ordførar
Ulvik herad