03.02.2021, KL. 21.00: NY INFORMASJON VEDRØRANDE COVID-SMITTE I ULVIK

Coronavirus - Klikk for stort bilete LOKAL SMITTEVERNFORSKRIFT VEDTEKEN AV HERADSSTYRET I DAG

Heradsstyremøte vedtok i dag Lokal smittevernforskrift, denne gjeld fram til og med 14. februar. I den Lokale smittevernforskrifta er det blant anna innført besøksforbod i eigen heim. Besøksforbodet har som føremål å avgrensa sosiale besøk. Besøksforbodet er ikkje til hinder for å få nødvendig hjelp i heimen. Besøksforbodet vil bli oppheva så snart smittesituasjonen tillet det, og seinast 14. februar.

 

Vidare er det innført 14 dagars karantene (auka frå 10 dagar) basert på ei heilskapleg vurdering av smitten lokalt. Ulvik herad har vore i jamleg dialog med Folkehelseinstituttet som støtter dette lokale tiltaket. Ventekarantene går fram til nærkontakt har fått stadfesta negativt prøvesvar.

 

Me ventar fortsatt på prøvesvar frå testar tatt i går, og vil motta dette seint i kveld. Me har fått nokre negative prøvesvar i dag. Me kjem ut med ny informasjon når dette føreligg.

 

Frå og med mandag vil all testing bli gjennomført i Ulvik. Bergen legevakt stiller då med mobil teststasjon i Ulvik.

 

I ettermiddag har det vore fellesmøte med nabokommunane Voss, Eidfjord, Ullensvang, Kvam, Samnanger og Vaksdal, i lag med Folkehelseinstituttet, Statsforvaltaren og Helse Bergen. Ulvik herad og Kvam herad har innført Lokale smittevernforskrifter basert på noverande smittesituasjonen i kommunane. Dei andre kommunane vil fylgja nasjonale råd og anbefalingar.

Sjå lenkje for Lokal smittevernforskrift som er gjeldande:

https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2021-01-31-271

 

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførar

Ulvik herad

Sist endra 05.02.2021