02.03.2021, KL. 16.00: INGEN NYE SMITTETILFELLER OG OPPHEVING AV LOKAL SMITTEVERNFORSKRIFT FRÅ MANDAG 8. MARS

Coronavirus - Klikk for stort bilete No har prøveresultata frå mandag 01.03 kome, og det er ingen nye smittetilfelle i Ulvik.

Den lokale smittevernforskrifta vil verta oppheva frå og med måndag (8. mars) om dagens smittesituasjon held seg, og Ulvik herad vil då fylgja dei nasjonale føringane.

Denne veka er det testing torsdag, kl 11.00, utanfor omsorgstunet. De tingar testing ved å ringja til legekontoret, telefon: 56527040. Me er ferdige med massetestinga, no er det personar med symptom som skal testa seg, eller personar som har fått melding frå helsepersonell om å testa seg.

Me vil ynskja dykk ein fin ettermiddag!

 

Helsing

 

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførar Ulvik herad

Sist endra 05.03.2021