Slekter

torsdag 14. november 2019, 20.30

Informasjon

 

Erlend O. Nødtvedt er den første vinnaren av Olav H. Hauge-stipendet, no er han ute med ny diktsamling.

 

 

Gjennom sine tre diktutgjevingar Harudes, Bergenske beskrivelser og Trollsuite har han skapt eit særeige og iøyrefallande univers. Språket bevegar seg høgt og lågt i ei grenselaus blanding av gamle språkformer, moderne daglegspråk, nyord, lydord og fragment frå andre diktarar. Slik får poeten fram ei slags all-tid i sine dikt, der fortida framleis er levande i notida, og folkevisa og avantgard-lyrikk får klinge saman.

No er poeten frå Fyllingsdalen aktuell med ei ny diktsamling, Slekter, og han vil lese frå denne.

 

 

Stad

Syse gard
 

URL: https://sysegard.no/

Kontakt

Hauge- senteret
 

URL http://www.haugesenteret.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk