No soli bakom blåe fjell

laurdag 2. november 2019, 18.00

Informasjon

 

I 2019 er det 150 år sidan Elias Blix gav ut heftet Nokre Salmar, gamle og nye. Dette feirar vi med ei moderne tolking levert av musikarar frå øverste hylle, og det er saksofonist Tore Brunborg som står i spissen av prosjektet.

 

 

Han vart beden av Nynorsk kultursentrum om å setje saman eit ensemble som skal framføre tolkingane hans av utvalde Blix-salmar. Gruppa er klar under namnet No soli bakom blåe fjell.

Ensemblet er ei spennande samansetjing av norske musikarar. På trommer er den unge Siv Øyunn Kjenstad, kjend under artistnamnet Øyunn. Ho har mellom anna samarbeidd med Bugge Wesseltoft. Pianist Marte Eberson er kanskje mest kjend som ein tidlegare del av den kjende gruppa Highasakite, og har elles mange spennande prosjekt i spenningsfeltet mellom pop og jazz. Bassist Mats Eilertsen har, i likskap med Brunborg sjølv, vore ein del av Tord Gustavsen ensemble, og er elles ein av dei mest renommerte norske jazzmusikarane som er aktive i dag. Skodespelar Frank Kjosås blir vokalist i dette heilt nye ensemblet.

Nynorsk kultursentrum er arrangør i samarbeid med Svidal skriveri på Jølster.

 

Stad

Ulvik kyrkje
 

URL: http://

Kontakt

Hauge- senteret
 

URL http://www.haugesenteret.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk