Lytt til lyrikken

tysdag 22. oktober 2019, 19.00

Informasjon

 

Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst, og har songlyrikken og poesien noko til felles? Då Hauge-senteret spurde tekstforfattar og komponist Frida Ånnevik om å invitere med seg ein lyrikar til Ulvik fall valet på Anna Kleiva.

Ånnevik har sidan debuten i 2009 markert seg som musikar med poetiske tekstar, og er kjend for å løfta fram det store i dei små tinga. Anna Kleiva har gjeve ut tre diktsamlingar sidan debuten i 2011. Ho vert omtala som ein språkkunstnar med overskot og stor biletskapande kraft. Dei to unge, men markante, stemmene møtest 22. oktober på Syse gard, og etter det skal dei vidare til Bergen og Stavanger med programmet – som inngår i Bokåret 2019.

 

Stad

Syse gard
 

URL: https://sysegard.no/

Kontakt

Hauge- senteret
 

URL http://www.haugesenteret.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk