Hovland og Tønes reddar kvelden

tysdag 9. april 2019, 19.00

Informasjon

Tysdag 9. april kl. 19.00
Syse gard, kr 250 / 150 student

Forfattar Ragnar Hovland og musikar Frank «Tønes» Tønnesen er begge vestlendingar som skriv treffande om det kvardagslege. Hovland kan seiast å vere ein kultfigur i norsk litteratur og er mannen som gav eit nytt språk til vestlandslitteraturen. Låtskrivar Tønes er no også romanforfattar. I song og bok gjev han liv til løgne karakterar og kleine situasjonar. Denne kvelden «reddar» dei oss alle, ved å syne oss at det er i det kvardagslege og det trivielle at det fantastiske kan skje, – og skjer – om vi berre ser det. Slik dei to gjer. I samarbeid med Rom for ord, programmet er utvikla med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt Ord.

På nett: https://www.haugesenteret.no/Hovland+og+T%C3%B8nes+reddar+kvelden.b7zFyVBlU6q8oZlUYyEsBdJ6AD-57f7zD3rD7AFu2Ni9AUgIBPL28nMhPLZB9MtlY05hRfYXl.ips

Stad

Syse gard
 

URL: https://sysegard.no/

Kontakt

Hauge- senteret
 

URL http://www.haugesenteret.no

Guro Ljone
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk