Stølstrimmen 2018

fredag 15. juni 2018 - måndag 19. november 2018, Heile dagen

Informasjon

Horgo,stølstrim

 

Då er det klart for Stølstrimmen igjen!

Ulvik turlag arrangera for sjette gong Stølstrimmen. Me ynskjer med det å motivere små og store til å kome seg meir ut på tur, og bli betre kjend i nærmiljøet. Det vil i år vera 17 stølar på stølstrimmen.

På kvar post vil det hengja ei merketong, og ei bok som ein skriv seg inn i. Deltakarkort er no i sal på Handelslaget, Tenestetorget, Joker og Coop og kostar 100 kr. Deltakarkortet vil innehalda ei oversikt over dei 17 stølane, og ha ein rubrikk til å merke i, med merketong på dei ulike postane. Me oppmodar folk på tur om å skrive seg inn i bøkene sjølv om dei ikkje er med på Stølstrimmen. Det vert premie til dei over 12 år som har vore på alle 17 stølar, og for dei under 12 år som har vore på 11 stølar.

Sogelaget har bidrege med historie og faktaopplysningar som vil liggja i dei fleste postkassane.

Ein vil og finne dikt av Olav H. Hauge i postkassane som Haugesenteret står for.

Me har samarbeida med Haugesenteret om brosjyrar frå kvar og ein støl. Desse innheld opplysningar om stølane, kart med alternative ruter og fargekodar for kor krevjande turen er, enkel (grøn) middels (blå)krevjande (raud) og ekspert (svart). Dei er publisert på vår Facebook side- Ulvik Turlag. Me jobber også med brosjyrar som vil koma for sal, meir informasjon om desse kjem når dei er klare.

 

Innleveringsfristen av deltakarkorta er 19 oktober.

Stølane som er med:

Jonstøl

Vassdalane

Horgo

Gunnarsete

Litlastøl

Tyssedalstølen

Skitnasete

Snipo

Hedlesete

Dalsete

Frystetjørn

Furusete

Solsæ

Rubblie

Øvstestølen, utom Fryste

Øvstestølen, Hallanger

Grønskaol

 

God tur helsing Ulvik Turlag!

Stad

Kontakt

Ulvik Turlag
5730 Ulvik

URL http://

Andre datoar

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk