Lyrisk feiring av språkmangfaldet i Ulvik

onsdag 21. februar 2018, 13:00

Informasjon

21. februar er den internasjonale morsmålsdagen. Dagen blei stifta i 2000, og har som mål å fremje og auke forståing for språkleg og kulturelt mangfald. I poesibygda Ulvik vil vi feire dagen med å lese og å samtale om dikt på mange språk.

Ulvik er så heldig å ha har innbyggjarar med mange nasjonalitetar, og derfor eit stort språkmangfald. På morsmålsdagen inviterer vi alle som har flytta til Ulvik frå andre deler av verda til å presentere poesi på sitt morsmål. Det er opp til kvar enkelt om dei vil lese dikt dei har skrive sjølve, eller dikt skrive av ein forfattar frå heimlandet sitt.

Feiringa byrjar klokka 13.00 den 21. februar og finn stad på Ulvik folkebibliotek.

Vi rundar av med språkkafé der vi sit i mindre grupper, drikk kaffi og snakkar om språk og dikt.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Olav H. Hauge-senteret, Ulvik folkebibliotek og introduksjonsprogrammet for flyktningar på Hjeltnes vgs.

For meir informasjon:

Formidlar ved Hauge-senteret Ragnhild Nabben, tlf 51 11 15 32  og mobil 911 57 160

Indre Larssen ved Ulvik Folkebibliotek, tlf  56 52 70 57 og mobil 998 53 122

Stad

Kontakt

Hauge- senteret
 

URL http://www.haugesenteret.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk