Poesikonsert og boklansering

torsdag 26. april 2018, 19:00

Informasjon

Bodil Cappelen har gjort eit utval av tidlege dikt av Olav H. Hauge. Fleire av dikta har Hauge sjølv publisert i aviser og tidsskrift i 1930-åra. Utvalet er også frå den første samlinga Hauge sendte til Norlis forlag. Manuset hadde tittelen «Seljefløyta» og vart refusert i 1939. I vår gir Samlaget ut desse tidlege Hauge-dikta for første gong i bokform. Bodil Cappelen les utvalde dikt og held poesikonsert saman med felespelar Knut Hamre og sopran Ranveig Lægreid som vil synge frå sitt rikhaldige repertoar.

Arrangementet er i samarbeid med Voss bibliotek.

Stad

Voss
 

URL: http://

Kontakt

Hauge- senteret
 

URL http://www.haugesenteret.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk