Stølstrimmen 2017

fredag 30. juni 2017, Heile dagen

Informasjon

Då er det klart for Stølstrimmen igjen!

 

Ulvik turlag arrangera for femte gong Stølstrimmen. Me ynskjer med det å motivere små og store til å kome seg meir ut på tur, og bli betre kjend i nærmiljøet. Det vil i år vera 16 stølar på stølstrimmen.

På kvar post vil det hengja ei merketong, og ei bok som ein skriv seg inn i. Deltakarkort er no i sal på Handelslaget, Tenestetorget, Joker og Coop og kostar 100 kr. Deltakarkortet vil innehalda ei oversikt over dei 16 stølane, og ha ein rubrikk til å merke i, med merketong på dei ulike postane. Me oppmodar folk på tur om å skrive seg inn i bøkene sjølv om dei ikkje er med på Stølstrimmen. Det vert premie til dei over 12 år som har vore på 11 av 16 stølar, og for dei under 12 år som har vore på 7 av 16 stølar. Bonuspremie til dei som har vore innom alle 16 postane.

Sogelaget har bidrege med historie og faktaopplysningar som vil liggja i dei fleste postkassane.

Ein vil og finne dikt av Olav H. Hauge i postkassane som Haugesenteret står for.

Me har samarbeida med Haugesenteret om brosjyrar frå kvar og ein støl. Desse innheld opplysningar om stølane, kart med alternative ruter og fargekodar for kor krevjande turen er, enkel (gøn) middels (blå)krevjande (raud) og ekspert (svart). Dei er publisert på vår Facebook side- Ulvik Turlag. Her publiserar med også eit oversiktskart over kvar alle stølane ligg.

Innleveringsfristen av deltakarkorta er 19 oktober.

 

Stølane som er med:
 

  • Jonstøl
  • Vassdalane
  • Horgo
  • Gunnarsete
  • Litlastøl
  • Tyssedalstølen
  • Skitnasete
  • Snipo
  • Hedlesete
  • Dalsete
  • Frystetjørn
  • Furusete
  • Solsæ
  • Rubblie
  • Øvstestølen, utom Fryste
  • Øvstestølen, Hallanger

 

God tur helsing Ulvik Turlag!

Stad

Kontakt

Ulvik Turlag
5730 Ulvik

URL http://

Andre datoar

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk