|
Husbanken - Alle skal kunne bu godt og trygt
|
|
|
Ulvik folkebibliotek
På biblioteket finn du eit rikt utval av fag- og skjønnlitteratur, bøker for barn, ungdom og vaksne. Me tilbyr lydbøker, tidsskrift, aviser og DVD. På bilblioteket kan du også nytta internett, studierom og møterom.
Bøker, lydbøker og tidsskriftartiklar biblioteket ikkje har sjølv, kan skaffast frå andre bibliotek når de ikkje finn det hjå oss, og me kan reservera bøker o.a. som er utlånt og gje beskjed når dei er tilgjengelege.
Alle lån på biblioteket er gratis, men ein må betala purregebyr dersom ein har bøkene utover lånefristen. Bortkomne eller skadde bøker og dokument må erstattast. Sjå utlånsreglement for biblioteket.
Søk i biblioteket sin katalog I katalogen kan ein søkja og reservera bøker og filmar. Dersom du loggar deg inn, får du oversikt over alle låna dine, som du og kan fornya.
Det er og mogeleg å sjå dei siste bøkene eller filmane som er lånte og innleverte ved biblioteket og sjå lister over dei nyaste bøkene og filmane ved biblioteket.
Det er tilgang til trådlaust nettverk på biblioteket.
Opningstider for biblioteket
| Fylgjande dagar: | |
| Måndag | 16.00 – 19.00 |
| Tysdag | 10.00 – 14.00 |
| Onsdag | 10.00 – 14.00 |
| Torsdag | 16.00 – 19.00 |
| Fredag | 10.00 – 12.00 |
|
Informasjon frå Biblioteket
 Publisert 09.01.2009
Stieg Larsson sine bøker var dei mest utlånte ved Ulvik folkebibliotek i fjor, dei tre krimbøkene hans er alle på lista over dei mest lånte bøkene. Andre bøker som var mykje utlånt er Anne Holt si bok 1222, Drageløperen og Arne Skjerven og Steinar I. Bergo si bok om Olav H. Hauge.
 Publisert 01.09.2008
Litteratursiden.dk i Danmark har laga ei inspirasjonsside der ein kan få tips om nye forfattarar og bøker som liknar det ein har lese tidlegare.
Her finn du lesetips!
 Publisert 20.08.2008
18. august 2008 er det hundre år sidan Olav H. Hauge vart fødd. I samband med 100-årsfeiringa vert det gitt ut fleire nye bøker om Hauge og diktinga hans, og somme av dei eldre bøkene kjem i nye utgåver.
Boka Olav H. Hauge og bygda av Arne Skjerven og Steinar I. Bergo vart lansert 18. august, dagen då Olav H. Hauge ville fylt 100 år.
Les meir om denne boka og dei andre bøkene hjå
Samlaget. Bøkene kan og lånast på biblioteket!
 Publisert 04.03.2008
Me har ein lesesirkel som har møte omlag ein gong i månaden på biblioteket. Dei som har lyst til å vere med i lesesirkelen, kan kontakte biblioteket.
 Publisert 04.10.2007
Ønskebok.no er ein ny og morosam måte å finna bøker på for ungdom. Med ønskebok kan du velje bok etter humør og stemning utan å kunne navnet på forfattar eller bok.
 Publisert 21.09.2007
Filmen Brudeferden i Hardanger er bygd på boka Marit Skjølte av Kristofer Janson frå 1865, som igjen er bygd på det kjende måleriet av Adolph Tidemand og Hans Gude. Filmen skildrar Marit som ventar på kjærasten Anders. Anders reiser til Amerika, og skal kome tilbake etter to år. Men fire år seinare har framleis ikkje Marit høyrt noko frå han.
Sjå omtale av filmen
Filmen kan lånast på biblioteket.
 Publisert 21.09.2007
Når toget sporar av på Finse er tidlegare politietterforskar Hanne Wilhelmsen ombord. Saman med resten av passasjerane vert ho innlosjert på hotell, og snart er dei stengt inne på grunn av ein snøstorm. Når den kjende presten Cato Hammer vert funnen drept, vert Hanne trukke inn i eit kappløp mot tida og snøstormen.
Sjå frå boklanseringa på Finse
 Publisert 21.05.2007
I samarbeid med Ullensvang folkeboksamling har me ein blogg for barn og ungdom om bøker, film og teikneseriar.
 Publisert 29.03.2007
 Publisert 29.03.2007
Glad i krimlitteratur?
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Ulvik Folkebibliotek
|
|
Maritastykket 3
|
|
|
|
5730 Ulvik
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56 52 70 57
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
Månd og torsd 16-19, Tysd og onsd 10-14, fred 10-12
|
|
Vegvisar i det offentlege
Informasjon frå regjering og departement
|