Formålet med dagavdelinga er å gje personar med demens eit tilbod i eit miljø som er prega av tryggleik og trivsel. Hovudvekta i tilbodet er miljøtiltak som gjev fysisk og psykisk stimulering med ulike aktivitetar. Vi legg vekt på aktivitetar som dei eldre er vane med frå sitt liv, vi har bl.a. laga såper og krotakaker. Elles legg vi vekt på den gode samtalen, både om liv og røre i Ulvik i dag, men også mykje om Ulvik i eldre tider.
Her hjå oss får dei tilbod om frukost, middag og dessert m/kaffi. Transport til og frå vert ordna frå pleie og omsorg. Vi har ope kvar dag heile veka
Søknadsskjema er å finne på Ulvik herad sine heimesider, eller ein får det ved å henvenda seg til pleie og omsorg. Ta gjerne kontakt for ein uformell prat dersom det er noko du som pårørande lurar på. Kontaktperson er ergoterapeut Reidun Stavestrand på telefon
56 52 70 91, eller pleie - og omsorgsavdelinga på telefon 56 52 70 80.