|
Husbanken - Alle skal kunne bu godt og trygt
|
|
|
NAV-kontoret i Ulvik
Visjonen til NAV er "Vi gir mennesker muligheter"
Hovedmåla til NAV er: 1. Fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad 2. Eit velfungerande arbeidsmarked 3. Rett teneste og stønad til rett tid 4. God service tilpassa brukaren sine forutsetnader og behov 5. Ein heilheitleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning
Publisert av
Mari Midttun.
Sist endra 06.01.2010
No skal det verta enklare for brukarar av NAV Ulvik, då dei no skal ha 1 saksbehandlar å forhalde seg til og ikkje 3 som mange har no. Dette betyr igjen at me som jobbar på NAV kontoret vil få nye arbeidsoppgåver og utfordringar, og arbeidsoppgåver som før låg til NAV lokalt vert no behandla i forvaltningseiningar. Dette kan medføre at behandling av saker tek lenger tid enn tidlegare. Me ber om forståing for at saker kan ta litt lenger tid enn før.
Det einaste som fortsatt vert behandla kommunalt er det som før låg under sosialkontoret.
Meir informasjon finner du på www.nav.no
Tenestemeny for NAV Ulvik NAV Ulvik har ansvar for dei tenester som Arbeids- og velferdsetaten skal yta mot innbyggjarane i Ulvik herad.
Kommunale tenester som skal inn i NAV Ulvik: - Økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsstønad etter kapittel 5 i lov om sosiale tenester - Opplysning, råd og rettleiing - Økonomisk rådgjevnad, gjeldsrådgjevnad og gjeldsforhandling - Flykningerarbeid - Rusarbeid - Bustad - Individuell plan
Grunna omorganiseringa vil tenester i henhold til kapittel 4 i lov om sosiale tenester ikkje vera ein del av NAV Ulvik sine oppgåver. Dette er bl.a oppgåver som: - Praktisk bistand og opplæring - Brukarstyrt personleg assistanse - Avlastninstiltak - Støttekontakt - Omsorgslønn Desse oppgåvene ligg fortsatt til Ulvik Herad.
Publikumspc Me har 2 publikumspc’ar for brukarane av NAV kontoret. Om brukarane trenger hjelp for å kome i gang, vil medarbeidarane på NAV kontoret hjelpe. Her kan brukarane bl.a fylle ut reiseregningar, melde seg arbeidsledig, leite etter jobbar og lignende
Skjema for reiserekning og frikort No skal alle – så langt som mogleg – fylle ut skjema for reiseregning og frikort sjølv før dei vert levert inn til NAV Ulvik. Om brukarene har problem med dette sjølv, kan dei koma til NAV Ulvik og få hjelp til å fylle dei ut. Skjema for utfylling av reiserekning og frikort finn ein på www.nav.no
Postadressa til NAV Ulvik er :
NAV Ulvik Skeiesvegen 3 5730 Ulvik
Brukarar av NAV Ulvik kan levere inn post til tenestetorget til Ulvik herad.
Telefonnr til NAV Ulvik NAV Ulvik vil vera kopla opp mot NAV Kundesenter i Hordaland. Dei kan svare på det meste ang brukarane av NAV Ulvik sine saker, i tillegg til å setje opp timeavtaler.
Tlf til kundesenteret er 815 81 000
I tillegg vil ”sosialkontoret” behalde sitt gamle telefonnr 56527015.
Info frå NAV Ulvik
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Ulvik herad
|
|
Skeiesvegen 3
|
|
|
|
5730
Ulvik
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56 52 70 00
|
|
Faks
|
:
|
56 52 70 01
|
|
Org.nr.
|
:
|
971159928
|
|
|
:
|
3450 19 70001
|
|
|
:
|
1233
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
Sentralbord 09.00-15.00 Administrasjon 08.00-15.30
|
|
Bilete frå Ulvik
Utsikt frå Ljono
Fotograf: Anne M.Lekve
Vegvisar i det offentlege
Informasjon frå regjering og departement
|