Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Skriftstorleik

a - a - a

Kva skjer?

september 2014
tyontofrla
25262728293031
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345
Komande hendingar
Ulvik Poesifestival
Filmar som kjem på kino
Ulvik Folkebibliotek
Ledig næringstomt
NAV Ulvik
Ulvik gjestehamn
Vegvisar for nyskaping
Arkivportalen
   

Du er her:

vegvisar
vegvisar
Filer

Stadnamn

Lokale stadnamn i Ulvik

Stadnamngruppa avslutta i 2009 stadnamnprosjektet som har gått føre seg over fleire år. Det er lagt ned eit stort dugnadsarbeid av gruppa og andre medhjelparar.

Lister sortert etter gardsnummer med lokale stadnamn finn de i venstremenyen.

Lokale stadnamn kan de og finna plaserte på kart i kartportalen.
Naviger dykk inn på kartet med zoom verktøyet til det området de vil sjå nærmare på.
I venstremenyen under arkfana finn de "utvalg", hak av for "lokale stadnamn" og klikk på "oppfrisk"

www.fonnakart.no kan de og finna verktøy for areal og lengdemåling.

Publisert av Ivar Osa. Sist endra 19.10.2012

Skrivemåten av stadnamna.

Ved oppskriving av stadnamna brukar ein lister der ein legg inn fleire opplysningar om namna. Mellom anna skal namna skrivast på to måtar: Den ein vert ei oppslagsform, og den andre vert dialektforma, som skal liggja så nær uttalen som råd.

Til å byrja med nytta me ein tilnærma normalisert skrivemåte under rubrikken oppslagsform. Etter kvart vart det mange problem med korleis ein eigentleg skulle normalisera mange av namna. Det er greitt med namn som Løaokren og Løbakkjen, dei kan skrivast Løåkeren/Løåkren og Løbakken. Men korleis skal ein normalisera eit namn som Vøtrabròto? Skriv ein Vinterbrauta, vert namnet totalt endra. Eit anna spørsmål som melde seg: Korleis vil namna bli uttala i framtida dersom ein normaliserer for mykje? Ein ser for seg ein uttale som vil verta liggjande nær eller heilt opp til den normaliserte forma.

Det viser seg også at andre som samlar stadnamn, har same "problemet". Det har vorte teke til orde for at skrivemåten av stadnamna må spegla eit særdrag ved lokaliteten/staden i landet. Hadde til dømes ikkje turisthytta Hedlo fått namneforma ho har, ville hytta i dag heitt Hella, og ingen ville uttalt namnet som Hedlo lenger.

Under vegs i arbeidet vart det difor semje om å gå over til ein meir dialektnær skrivemåte av stadnamna under rubrikken oppslagsform, dette fordi det vil vera denne forma som kjem på kartet.

Det byrja med hokjønnsorda. Sterke hokjønnsord som bygd, tjørn og vik valde ein i bunden form å skriva bygde, tjødne og vikje. Då vart konsonantgruppa rn samtidig skriven som dn, slik uttalen er her.  Svake hokjønnsord som brekka og hola vart då i bunden form skrivne brekko og holo. 

I mange høve vil det vera ei sterk endring av eit namn dersom ein skriv å for ao. Namn som Aobar, Glaom, Fljaoena, Vedaone, Atlaoksbekkjen vil verta nærast "ukjennelege" dersom ein skulle normalisera dei til Åbar, Glåm, Flåene, Vedåni eller Aslaksbekken.

Dermed vart det også naturleg å nytta kkj-/kj-forma i mange bundne former, slik som bakkjen, bekkjen, dokkje, stykkje, vikje m.m.

Det neste vart å bruka den lokale bindebokstaven i samansette ord. Det måtte då heita Storafuro, Brattabrekko, Elvagjelet osb.

Så kan ein spørja om det går an å gjennomføra ein slik skrivemåte heilt konsekvent? Svaret er at det nok er vanskeleg, for ikkje å seia uråd for lekfolk, og ein har difor bevisst valt å vera noko inkonsekvente, men likevel med eit visst system. 

I mange stadnamn finst det ein stum d. Det gjeld ord som gjerde, led (grind), træde, o.fl. Til å byrja med tok ein med denne d-en. Dette for å visa til opphavet av ordet. Etter kvart vaks det fram ein motstand mot å ha d-en, og i ord med le og træe m.a. vart det bestemt å ta han vekk att. Når det gjeld ordet gjerde (inngjerda område i utmarka), er det så mange namn av dette slaget som alt er tekne i skriftleg bruk, at ein har valt å halda på d-en her.

I bunden form eintal av inkjekjønnsord er det i normalisert form ein stum t. Til å byrja med vart denne t-en teken med, men i samsvar med den munnlege uttalen har ein i dei fleste høve sløyfa han att. Som i dømet ovanfor ser ein mange stader at det vert skrive Gjerde, endå dette er ei bunden form og såleis burde ha t-ending.

 Når det gjeld skrivemåten av å - som ao, har ein også her valt ein viss inkonsekvens. I mange ord som er innarbeidde i normert skriftleg norsk, har me valt å skriva å, som i åker. Dette m.a. fordi det ikkje er sjølve åkeren, men namnet som er det sentrale, døme Buåkren, Langåkren og Mariteåkren.

Mange endringar har vorte avgjort under vegs i arbeidet, noko som har ført til at ein har måtta gå over listene og karta opp til fleire gonger for å justera i samsvar med nye avgjerder. Dermed er det fort at i ei slik stor mengd av stadnamn er namn som har vorte oversett, og som dermed står i "gammal" form. Dette er ein form for inkonsekvens som ikkje er tilsikta, og som me vil prøva å retta opp ved første høve.

   

Kontaktinformasjon

Ulvik herad Skeiesvegen 3
5730 Ulvik
E-post : postmottak@ulvik.kommune.no
Telefon
: 56 52 70 00

Faks
: 56 52 70 01
Org.nr.
: 971159928
(Kontonr)
: 3450 19 70001
(Kommunenr)
: 1233
Opningstid
: Sentralbord 09.00-15.00 Administrasjon 08.00-15.30

Søk

Bilete frå Ulvik

Fotograf: Terje
Olav m/ følge på plass i Slondalen
Terje

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk søk.
Kartportal for Hardanger
Hardangerportalen
Vegvisar i det offentlege
Informasjon frå regjering og departement
Stadnamn i Ulvik
Husbanken - Alle skal kunne bu godt og trygt