Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Søk
Vegvisar for nyskaping
Ulvik Folkebibliotek
Husbanken - Alle skal kunne bu godt og trygt
NAV Ulvik
Ulvik gjestehamn
Filmar som kjem på kino
Arkivportalen

Nattestenging Vallaviktunnelen

illustrasjonsfoto

 

Rv. 13 Vallaviktunnelen blir stengt på grunn av anleggsarbeid frå tysdag kveld 16.3. kl.22.00 til onsdag 17.3. kl. 06.00.

Det blir kolonnekøyring i samband med ferjeruta Bruravik-Brimnes. Frå Granvin blir det kolonne kl.23.25, 01.05, 02.00 og 05.00. Frå Vallavik går det kolonne kl.23.30, 01.10, 02.20 og 05.05.

Omkøyring på fv.572 Bruravik-Holven.

 

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 11.03.2010

Nattesjekk på vifter og kablar

Statens vegvesen skal ha ein nattleg kontroll på ventilasjonsvifter og kabelbruer i den 7,5 km lange Vallaviktunnelen.

Dette er ein del av kartlegginga av tilstanden på utstyret i den 25 år gamle tunnelen. Kontrollen må skje når det ikkje er trafikk i tunnelen, og rv. 13 Vallaviktunnelen blir dermed stengt frå tysdag 16.mars kl.22.00 til onsdag 17.mars kl. 06.00.

I tillegg til kontrollen av dei 52 viftene (26 par) skal tette drensrøyr same natta spylast på dei 500 metrane mellom munninga i Vallavik og den komande rundkøyringa mot Hardangerbrua, der det har pågått anleggsarbeid sidan i fjor haust - då tunnelen var stengt i åtte veker.

I denne omgang blir det berre ei kort nattestenging for trafikantane, med kolonnekøyring tilpassa ferjeavgangane mellom Bruravik og Brimnes. Det vil seia at kolonne går frå Granvin kl. 23.25, 01.05, 02.00 og 05.00. Frå Vallavik går kolonna 23.30, 01.10, 02.20 og 05.05.

Omkøyring blir som vanleg via fv. 572 Bruravik-Holven.

 

Kontaktinformasjon
_
_
Ulvik herad
Skeiesvegen 3
5730  Ulvik
 
E-post : postmottak@ulvik.kommune.no
 
 
Telefon : 56 52 70 00
Faks : 56 52 70 01
Org.nr. : 971159928
: 3450 19 70001
: 1233
_
Opningstid : Sentralbord 09.00-15.00 Administrasjon 08.00-15.30
Bilete frå Ulvik
Steinar
Steinar
Kartportal for Hardanger
Hardangerportalen
Vegvisar i det offentlege
Informasjon frå regjering og departement
Stadnamn i Ulvik