Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Søk
Vegvisar for nyskaping
Ulvik Folkebibliotek
Husbanken - Alle skal kunne bu godt og trygt
NAV Ulvik
Ulvik gjestehamn
Filmar som kjem på kino
Arkivportalen

Vel blåst UKM!

UKM 2010

Det var "stinn brakke" på Elvatun i Ulvik når UKM for Eidfjord, Granvin og Ulvik gjekk av stabelen laurdag 6.februar. Det er lengje sidan ein har hatt så mange påmelde innslag (19) og variasjonen i alder og kunstnarisk uttrykk speglar aktiviteten mellom dei unge i desse tre kommunane på ein god måte.

Publisert av Mari Mæland. Første gong publisert 08.02.2010

9. klasse ved Brakanes Skule var tekniske tilskiparar og dei løyste oppgåva si på ein framifrå måte. I døra vart ein møtt av to blide jenter som registrerte deltakarar og svara på alle mogleg spørsmål. Bak scenen var det hektisk aktivitet med stemming og øving.  Etter  vel ein time kunne konferansieren introdusera siste innslag i UKM 2010,  og så var det berre å vente i spaning på at juryen skulle verta ferdige med arbeidet sitt. Publikum nytta pausen til å vitja kafeen i Matsalen og både kaker, pylse, brus og kaffi "fekk bein å gå på".
Juryen hadde ein tøff jobb, men etter omlag 45 minutt var dei klare og publikum benka seg i salen igjen for å få veta kven som tekne ut til å delta på fylkesmønstringa. Og dei som går vidare til fylkesmønstringa for Hordaland i frå Eidfjord, Granvin og Ulvik er:

Anna Marlene Hereid og Karoline Hauge Stalheim (Eidfjord)
Betty: Bethina Sunde (Granvin)
David Himle (Granvin)
Ida og Emil: Lina Nesheim og Synnøve Hatland (Granvin)
Åmund Holven (Granvin)
Marta Lindvik (Ulvik)
Zplint : Anette Øydvin, Eira Vestrheim, Martine Meel, Sasha Natalie Gould, Christian Wallevik,
Jon-Peter Lindqvist og Thomas Ljone (Ulvik)

Juryen gav uttrykk for at dei var imponert over nivået på deltakarane, og alle som me prata med, var samde om at med så mange talent innanfor kommunegrensene vil nok desse tre kommunane vera "heimstad kommunar "for profesjonelle musikarar i framtida og.


Anne-Marie Øydvin

Kontaktinformasjon
_
_
Ulvik Folkebibliotek
Maritastykket 3
5730 Ulvik 
 
E-post : ingeborg.fere@ulvik.kommune.no
 
 
Telefon : 56 52 70 57
_
Opningstid : Månd og torsd 16-19, Tysd og onsd 10-14, fred 10-12
Bilete frå Ulvik
Bergfoten
Bergfoten
Fotograf: Stig Heggstad
Kartportal for Hardanger
Hardangerportalen
Vegvisar i det offentlege
Informasjon frå regjering og departement
Stadnamn i Ulvik