Gjennom ein god grunnskule, skulefritidsordning, kulturskule og vaksenopplæring, freistar me å gje innbyggjarane i Ulvik eit best mogeleg opplæringstilbod.
Skuleruta Alle elevar i den norske grunnskulen skal ha eit skuletilbod 190 dagar i løpet av eit skuleår. Fordelinga av desse dagane går fram av skuleruta i kommunen.
Skuleruta finn du nede på sida
Spesialundervisning Elevar som ikkje har, eller ikkje kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter § 5 i Opplæringslova. Før kommunen gjer vedtak, skal det liggja føre ei sakkunnig vurdering frå PPT. Dei føresette kan sjølve ta kontakt med PPT, eller samtykkja i at skulen kan gjera det.
Frå 1. januar 2005 er Ulvik medlem av Voss interkommunale PP-kontor. Samarbeidskommunane i dette kontoret er Voss, Ulvik, Granvin, Aurland, Ullensvang og Eidfjord. Vossakontoret kjem til å ha eit avdelingskontor i Kinsarvik. Ulvik får tenester frå kontoret på Voss.
Skuleskyss Elevar har rett til fri skuleskyss når det er meir enn 4 km mellom heim og skule.
For 1. klassingane er skyssgrensa 2 km. Dei som har rett til skuleskyss får eit skysskort på skulen.
Den kulturelle skulesekkenDette er ei nasjonal satsing der Kulturdepartementet legg opp til årlege løyvingar. Ulvik herad har innført ordninga frå hausten 2004. Lokalkunnskap, lokal historie og identitet, møte med profesjonelle kunstnarar og praktiske oppgåver i møte med profesjonelle utøvarar står sentralt.
- Handlingsplanen for den kulturelle skulesekken finn du nede på sida.
SkulehelsetenesteSjå under helsesøster.
TannhelsetenesteAlle born frå 3 til 18 år får fri tannbehandling. I hovudsak vert dei kalla inn til folketannrøkta annakvart år. Det er Hordaland fylkeskommune som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta.