|
Husbanken - Alle skal kunne bu godt og trygt
|
|
|
Administrativ organisering
Ved innføring av resultateiningsmodellen i kommunal organisering er målsettinga å styrke kommunen sin rolle som samfunnsaktør og til ein effektiv ressursbruk og god kvalitet i tenesteytinga. Det er og forventning til at kommunen vert meir vend mot innbyggarane som brukarar og borgarar og få ein større kontaktflate mot private og andre offentlege aktørar.
Resultateiningsmodellen er ein organisasjonsmodell med to avgjerdsnivå: rådmann og resultateiningsleiarane.
Kva er ei resultateining? Ei resultateining er ei tenesteytande verksemd (til dømes ein skule eller ein sjukeheim) som har fått delegert det fulle ansvar og mynde innafor eige budsjett i arbeidet med å oppnå målsettinga med verksemda. Plan for verksemda og leiaravtale er sentrale element.
Resultateiningsprinsippet baserer seg på tanken om ”fridom og ansvar hand i hand” der medarbeidaren er ressursen. Større fridom og ansvar i møte med brukaren vil gje medarbeidarane større rom for fleksibilitet og kreativitet. Prinsippet baserer seg vidare på teamorganisering, medverknad, kompetanseutvikling og resultat.
Resultateiningsprinsippet føreset å vere økonomisk pårekneleg; det vil seie at dei vedtekne rammene haldt fast og at eit eventuelt overskot vert tilført verksemda og ikkje ”inndrege”. Likeeins må verksemda sjølv ta ansvar for eit eventuelt underskot. Dette vil medverke til å skape motivasjon til å drifte verksemda så effektivt som mogeleg samtidig som måla for verksemda og leiaravtale vert innfridd. (Unntak frå prinsippet om ansvar for eige underskot må berre vurderast i heilt spesielle situasjonar – til dømes ved katastrofar som fører til ukontrollert auke i kostnader.)
For at resultateiningane skal funger etter intensjonen må leiarane for desse ha mynde i alle saker som rører ved personalet, som tilsetjingar, endring av stillingar og oppseiingar.
Publisert av
Anne-Marit Lekve.
Sist endra 24.06.2009
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Ulvik herad
|
|
Skeiesvegen 3
|
|
|
|
5730
Ulvik
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56 52 70 00
|
|
Faks
|
:
|
56 52 70 01
|
|
Org.nr.
|
:
|
971159928
|
|
|
:
|
3450 19 70001
|
|
|
:
|
1233
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
Sentralbord 09.00-15.00 Administrasjon 08.00-15.30
|
|
Bilete frå Ulvik
Vassfjøro sett frå Kongsberg
Fotograf: Anne-M.Lekve
Vegvisar i det offentlege
Informasjon frå regjering og departement
|