Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Søk
Vegvisar for nyskaping
Ulvik Folkebibliotek
Husbanken - Alle skal kunne bu godt og trygt
NAV Ulvik
Ulvik gjestehamn
Filmar som kjem på kino
Arkivportalen

Søknad på stilling i Ulvik herad

stillingsannonse

Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur – og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv omsommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter.

Kulturlivet i bygda blømer med poesifestival, fiskefestival og buleshelg – og mykje meir! Snart kan du vitja vårt nye dokumentasjonssenter for Ulvik-fofattaren Olav H. Hauge. Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod. Du får tilbod om barnehage – og SFO-plass om du ynskjer det.

Kva ventar deg i Ulvik:

  • fin natur frå fjord til fjell
  • satsing på helse og poesi
  • kort veg til tenestene
  • oversiktleg samfunn med urban karakter
  • ikkje bilkøar
  • gode oppvekstvilkår for born
  • gode omsorgstenester
  • kort veg til Voss og Bergen

For å forenkla handsaming av søknad på ledige stillingar - har me etablert følgjande oversyn for kva søknaden skal innehalda:

1. Personleg søknad som du utformar sjølv, eller på kommunen sin mal
2. Utfylt CV - på kommunen sin mal som du finn her                      3. Utfylt skjema for realkompetanse - på kommunen sin mal
4. Me mottar gjerne søknad på e-post.
Underskriven søknad må ettersendast

Ledige stillingar
Informasjon Publisert 01.09.2010

 

Still.prosent bestemmer du, Alt etter om du vil pendla eller bu! Ta ein tlf. i dag - så ordnar me noko i lag!

Kontaktpers.Ploms-leiar Karin Fleten, tlf.40007186.

Søknadsfrist: 11.09.10

Informasjon Publisert 03.09.2010

Arbeidsoppgåver:

Plan- og utviklingsarbeid for lokalsamfunnet

- revidera, utvikla og følgja opp planarbeidet

- samarbeid og koordineringsansvar for saker med eksterne og interne aktørar

- prosess- og prosjektansvar

- politisk sakshandsaming, plan- og reguleringssaker

- informasjonsarbeid, eksternt og internt.

- koordinering av miljøarbeidet i heradet.

- forvaltning av høgfjellsområda (Fylkesdelplan)

Informasjon Publisert 03.09.2010

Arbeidsoppgåver:

Plan, utbygging, drifts- og forvaltningsarbeid innan VA - området

- kvalitetssikringsarbeid

- VA - området skal drivast etter sjølvkostprinsippet

- politisk sakshandsaming, plan- og forvaltningssaker

- tverrfagleg internt prosjektarbeid

- interkommunalt samarbeid på mange område

Kontaktinformasjon
_
_
Ulvik herad
Skeiesvegen 3
5730  Ulvik
 
E-post : postmottak@ulvik.kommune.no
 
 
Telefon : 56 52 70 00
Faks : 56 52 70 01
Org.nr. : 971159928
: 3450 19 70001
: 1233
_
Opningstid : Sentralbord 09.00-15.00 Administrasjon 08.00-15.30
Bilete frå Ulvik
Haustfargar
Haustfargar
Fotograf: Anne M.Lekve
Kartportal for Hardanger
Hardangerportalen
Vegvisar i det offentlege
Informasjon frå regjering og departement
Stadnamn i Ulvik