Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Søk
Vegvisar for nyskaping
Ulvik Folkebibliotek
Husbanken - Alle skal kunne bu godt og trygt
NAV Ulvik
Ulvik gjestehamn
Filmar som kjem på kino
Arkivportalen

Fakta om Ulvik herad

Ulvik ligg inst i Hardangerfjorden, sentral plassert i Sør - Noreg. Bygda strekkjer seg frå fjordnivå til 1800 m.o.h.
( Hardangerjøkulen). Ulvik grenser til kommunane Granvin, Eidfjord, Ullensvang, Voss, Aurland og Hol. Med bil et det ca. 2 timar til Bergen og 45 min. til Voss. Voss er næraste regionsenter med jernbanestasjon, vidaregåande skuletilbod og fylkessjukehus. Næraste flyplass er Flesland/Bergen.

Topografi

Ulvik er ei frodig bygd med eit særprega kulturlandskap med særs gode jordbruksvilkår. Store topografiske variasjonar påverkar klimaet, som er kjenneteikna av varme somrar og kalde vintrar. Dette gjev bygda eit suboceansk klima.

Kultur- og fritidstilbod

Ulvik har mange tilbod til aktive menneske i ulike aldrar. Musikkskule og idrettsskule er populære fritidstilbod. På Drevtjørn Ski - og Tursenter er det eit godt utbygt skianlegg.
Holmen Idretts- og Fritidsanlegg har fotballbane med gras, friidrettsbane med fast dekke, utandørs volleyballbane og tennisbane, sandvolleyballbane og badeplass. I kommunesenteret er det bibliotek og kino. Det er småbåthamn og Ulvik er elles eit eldorado for friluftsliv, anten ein er ved fjorden eller til fjells.

Velferd

Ulvik har fulldelt barne- og ungdomsskule. Det er full barnehagedekning og det er bygt ut eit variert tilbod innan helse/ og
sosiale tenester. Vidaregåande skuletilbod er på
Hjeltnes gartnarskule (grunnkurs, gartnarkurs, anleggsgartnar- og blomsterdekoratør- linje). I samarbeid med stat, fylke og Ulvik herad er det starta eit kompetansesenter ved
Hjeltnes gartnarskule

Utbygging og utvikling

Ulvik herad har bustadfelt med ledige tomter på Hydle ovanfor
Ulvik sentrum (Brakanes).
Brakanes kurs- og konferansesenter illustrerar heradet si satsing på reiseliv.
Brakanestunet med omsorgsbustader i sentrum er bygd ut av Ulvik bustadstifting. Ulvik herad er sterkt engasjert i planane om eit rehabiliteringssenter (Ulvik Fjordtun) ved fjorden nær sentrum.
Ulvik IT - drift er eit selskap som har samarbeid med Ulvik herad om utbygging av IKT-infrastrukturen i heradet og IKT - satsinga Hardangerportalen.

Næringsliv

Næringslivet er allsidig. Dei fleste er sysselsette i offentleg og privat tenesteyting (36%), med Ulvik herad og Hjeltnes gartnarskule som dei største verksemdene. mange ulike tenester er representert.
Landbruk er den nest største næringa, med 20 % av sysselsetjinga.
Frukt og husdyrhald er omlag like store innan landbruket. I tillegg er Ulvik kjent for skogsdrift og har òg viktige veksthus -bedrifter. Varehandel/hotell/restaurantar har 18% av sysselsetjinga, som illustrerar at Ulvik er ei turistbygd. Nokre av dei viktigaste verksemdene er innan handverk og industri, og det vert satsa på nyskaping og etableringar uavhengig av næring.

Ulvik herad

Ulvik herad er den største arbeidsplassen i Ulvik. Mange i Ulvik har sitt arbeid i heradet i større eller mindre grad. Samla tal tilsette er 200. Tal årsverk er omlag 135 (tal tilsette omgjort til heile stillingar). Tenstetilbodet er organisert i 8 einingar: barnehage, undervisning, kultur, helse/sosial, stab/støtte, pleie og omsorg, teknisk drift og anlegg og landbruk. Rådmannen er den øvste administrative leiaren.

 
Kontaktinformasjon
_
_
Ulvik herad
Skeiesvegen 3
5730  Ulvik
 
E-post : postmottak@ulvik.kommune.no
 
 
Telefon : 56 52 70 00
Faks : 56 52 70 01
Org.nr. : 971159928
: 3450 19 70001
: 1233
_
Opningstid : Sentralbord 09.00-15.00 Administrasjon 08.00-15.30
Bilete frå Ulvik
Onen med utsikt til Hardangerjøkulen
Onen med utsikt til Hardangerjøkulen
Kartportal for Hardanger
Hardangerportalen
Vegvisar i det offentlege
Informasjon frå regjering og departement
Stadnamn i Ulvik