På biblioteket finn du eit rikt utval av fag- og skjønnlitteratur, bøker for barn, ungdom og vaksne. Me tilbyr lydbøker, tidsskrift, aviser og DVD. På bilblioteket kan du også nytta internett, studierom og møterom.
Bøker, lydbøker og tidsskriftartiklar biblioteket ikkje har sjølv, kan skaffast frå andre bibliotek når de ikkje finn det hjå oss, og me kan reservera bøker o.a. som er utlånt og gje beskjed når dei er tilgjengelege.
Alle lån på biblioteket er gratis, men ein må betala purregebyr dersom ein har bøkene utover lånefristen. Bortkomne eller skadde bøker og dokument må erstattast. Sjå utlånsreglement for biblioteket.
Søk i biblioteket sin katalog I katalogen kan ein søkja og reservera bøker og filmar. Dersom du loggar deg inn, får du oversikt over alle låna dine, som du og kan fornya.
Det er og mogeleg å sjå dei siste bøkene eller filmane som er lånte og innleverte ved biblioteket og sjå lister over dei nyaste bøkene og filmane ved biblioteket.
Det er tilgang til trådlaust nettverk på biblioteket.