På biblioteket finn du eit rikt utval av fag- og skjønnlitteratur, bøker for barn, ungdom og vaksne. Me tilbyr lydbøker, tidsskrift, aviser, CD`ar og DVD-filmar. På bilblioteket kan du også nytta internett, studierom og møterom.
Bøker, lydbøker og tidsskriftartiklar biblioteket ikkje har sjølv, kan skaffast frå andre bibliotek når de ikkje finn det hjå oss, og me kan reservera bøker o.a. som er utlånt og gje beskjed når dei er tilgjengelege.
Alle lån på biblioteket er gratis. Bortkomne eller skadde bøker og anna må erstattast. Ein må heller ikkje låne vidare bøker ein har lånt på biblioteket. Sjå utlånsreglement for biblioteket. (på venstre side)
Søk i biblioteket sin katalog I katalogen kan ein søkja og reservera bøker og filmar. Dersom du loggar deg inn, får du oversikt over alle låna dine, som du og kan fornya.
Det er tilgang til trådlaust nettverk på biblioteket. Ein kan ta med sin eigen PC og nytta internett gratis.