Jordbrukssjefen inviterar til kurs i oppfrisking av miljøplanar på gardsbruk. Miljøplan har vore eit krav i fleire år for å få utbetalt fullt produksjonstilskot i landbruket. Om ein ikkje har miljøplan eller om den har manglar kan det verta trekt 8000,- av tilskotet.
Ved innføringa av miljøplanen var det stor aktivitet rundt temaet. I den seinare tid har det kome ynskje frå enkelte bønder om å få ei oppfrisking av desse planane.
Det ein ser føre seg at det bør gjennomførast 2 økter, kor den første økta vert gjennomgang av utarbeiding av ein slik plan. Og den andre økta vert då gjennomgang av planar som deltakarane har laga i ”heimelekse”. Vert det fleire enn 10 påmeldte vil ein kunne laga til fleire kurskveldar.
Difor ynskjer jordbrukssjefen velkomen til eit oppfriskingskurs den 25. mars (1. økta). 2. økta er planlagd 8. april. Kurset vert på sentrumsbygget frå 2000-2130.
Skriftleg påmelding kan sendast til: rolf.tore.djonne@ulvik.kommune.no , innan 22.3.2010.